Musikk

Bio

Anita Gjørven er artist, instrumentalist og låtskrivar frå Stryn, for tida busett i jazzbyen Molde.

Godt rota i jazz- og visesjangeren er musikken prega av improvisasjon, historieforteljing og stemnigsformidling. 

Ho har vakse opp på familiegarden i Stryn, ei bygd innst i Nordfjorden, blant dei høge vestlandsfjella.

Mykje av musikkideane oppstår ute i naturen: på ein fjelltopp, ved eit vatn eller i ein trollsk skog. 

Viktige inspiratorar er norske visemusikarar som Odd Nordstoga, Halvdan Sivertsen, Ingebjørg Bratland, Frida Ånnevik,

og jazzvokalistar som Melody Gardot, Eva Cassidy og Siril Malmedal Hauge.  

Anita skapar nær kontakt med publikum, ikkje berre gjennom framføringa, men også med historiene bak låtane.

 

 


"Hvilket vokaltalent - fra Stryn! Hun har bemerkelsesverdig god formidlingsevne. Hun sprudler! Og tar Alexandraparken med storm; hun har oss i sin hule hånd, nærmest fra før hun går til mikrofonen”  

- Arild Rønsen, Musikkavisen puls 

Kontakt