Musikk

Bio

Anita Gjørven er ein norsk vokalist, instrumentalist og låtskrivar.

Ho har vakse opp på familiegarden i Stryn, ei bygd innst i Nordfjorden, blant dei høge vestlandsfjella. Mykje av musikkideane oppstår ute i naturen: på ein fjelltopp, ved eit vatn eller i ein trollsk skog.

Anita skriv tekstane på nynorsk, og saman med dialekta er framføringane prega av improvisasjon, historieforteljing og stemningsformidling. Jazzakkordar svingar seg inn mellom enkle visetonar, og energien frå popverda bygg opp under dei personlege tekstane

Hausten 2019 slapp ho sin første singel "No kjem vinteren"- etterfulgt av releasekonsert på Storyville Jazz Club i Molde. Hennar andre singel "Innst" kom sommaren 2020. Låtane er tilgjengeleg på alle digitale straumetenester.

Kontakt